Avis



Starten til avisene
Trykkesakene hadde vorte ein viktig del av kvardagen på 1700-talet. Avisene skulle bli sjølve kjernen i informasjonsflyten i byane. Det tok 150 år frå trykkpressa kom til avisene dukka opp. Nieuwe Tijdinghe i Antwerpen bli rekna som den første verklege avisa. Etter kvar kom det fleire periodiske publikasjonar i andre byar. Det var på innhaldslista at avisene endra seg. Avisene vart ein arena for diskusjon av politiske spørsmål. Innhaldet var mangfaldig, men ein avgrensa kjeldetilgang. Dei var ein viktig faktor i danninga av ei offentleg meining. Fordi ein framstilte sakane på ulike måtar førte det til skepsis og avisene vart ein maktfaktor i samfunnet.

Revolusjonsavisene og ein møtestad
Revolusjonsavisene inspirerte til skiping av ei politisk presse som påverka det politiske livet. Folk kunne endre samfunnet gjennom politisk aktivitet. Ein kunne påverke hendingar når dei skjedde visst ein var ein del av dei. Napoleon visste at pressa hadde makt og uttalte at han frykta fire fiendtlege aviser meir enn 100 000 bajonettar. Prosessen mellom politikk og medium er framleis eit viktig kjenneteikn ved demokratiske samfunn. Pressa er ein stad for offentleg meiningsdanning og ei vaktbikkje som ser på kritikkverdige forhold. «Den fjerde statsmakta.» Politikk var berre den eine sida ved avisene. Informasjon og reklame var minst like viktig. Ein møtestad for nyhende, politikk og reklame.

Den teknologiske utviklinga
Avisene utviklar seg til arenaer for den offentlege meininga på 1700-talet. Den teknologiske utviklinga la grunnlaget for dei moderne massemedia. Avisene vart trykte med illustrasjonar og fotografi og fekk eit meir samansett innhald. Dei var trykte i enorme oppslag og distribuerte over store avstandar. Nye grupper byrja å lese aviser. Avisene utgjorde ein viktig del av det komplekse samfunnet på 1800-talet. Etter kvart oppstod det aviser som hadde folk flest som målgruppe.


Industrialiseringa
Industrialiseringa la grunnlag for nye lesarar og etablering av radikale aviser. Ytringsfridommen var avgrensa, men dei uverdige samfunnsforholda vart kritisert i pressa. Mange nye tekniske nyvinningar vart utvikla og papiret var ikkje lengre noko problem.