Trykkjerevolusjonen



Johann Gutenberg
Johann Gutenbergs trykkjepresse vart produsert omkring 1450. Sjølv om det ofte er han som blir sett på som faren til trykkjekunsten viste seg å ha vore andre likande oppfinningar tidlegare i Asia. Ei kinesisk oppfinning rundt 1000-talet, med lause typar fekk mindre betyding for trykkjekunsten. Koreanarane fekk også utvikla ei slik trykkpresse, men dette allereie tidleg på 1400-talet. Det kan dermed tyde på at europeisk trykkjekunst kan ha vorte stimulert av det som skjedde i Austen.

Denne innføringa førte til store endringar i europeisk samanheng. Vi kan eigentleg seie at mediehistoria starta med denne innføringa av trykkpressa. Før var alt handskrive, men no gjorde trykkpressa det mogleg å produsere fleire identiske bøker og dette mykje raskare enn tidlegare. I staden for å skrive ei heil bok på nytt vart det brukt lause typar med bokstavar og andre teikn. Desse vart festa på ei plate som vart trykt mot eit stykkje papir. Teknikken vart gradvis forbetra ved at ein tok i bruk meir slitestreke typar og raskare trykkjesystem.

På denne tida var det berre eit fåtal i samfunnet som kunne lese og skrive, men likevel fekk trykkjerevolusjonen ei enorm verknad på lengre sikt. Kunnskap som tidlegare hadde vore avgrensa til lukka miljø, vart no tilgjengeleg for mange fleir. Tankar og oppfatningar om religion, vitskap og politikk vart no trykte, lesne og kommenterte. Dette gjorde til at generasjonar kunne byggje vidare på denne kunnskapen og utvikle den vidare. Det gjorde og til at munnlege forteljingar og historiar no kunne bli tekne vare på.

Trykkjekunsten la grunnlaget for fleire samfunnsendringar. Reformasjonen, den vitskaplege revolusjonen og politiske omveltingar som den franske revolusjonen hadde vore utenkjelege utan dei trykte media. Under reformasjonen, tente dei som hadde trykkjeri gode pengar. I tillegg skapte dette også arbeidsplassar.

På denne tida var det og svært billig å gi ut aviser, noko som gjorde til at avisene etter kvart vart ein viktig del av det økonomiske livet. Avisene fungerte som blandingsprodukt og vart oljen i samfunnsmaskineriet. Det gjorde til at folk no fekk ein friare flyt av informasjon. Folk kunne no kjøpe ”ferske” nyheiter frå inn- og utland nesten dagleg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar