Ei av verdas største TV-selskap |
Fjernsynet skapar ein ny type offentlegheit
John F. Kennedy var den første presidenten i USA som hadde direktesendte pressekonferansar på fjernsyn. Han var med på å skape ein ny type visuell offentlegheit. Under Cubakrisa vende han seg direkte til nasjonane gjennom fjernsynet. Då han vart myrda fekk det eit massivt oppslag på fjernsynet og gjorde at heile nasjonen kunne vere med i sorgprosessen. Fjernsynet har fortsatt ein sentral plass i forhold til sorg nasjonal og internasjonalt.
Satellittane bind verda saman
Kommunikasjonssatellittane skapte eit nettverk der fleire typar kommunikasjon var mogleg. Telefon, radio, bilete og ikkje minst fjernsynsbilete kunne formidlast fleire stadar i verda. I 1962 vart den første samsendinga mellom Europa og USA gjennomført. Sommaren 1969 kunne fleire millionar menneske ta del i det som skildra den store mediehendingar dette hundreåret. Apollo landa på månen. I tillegg til at fjernsynet formidla store hendingar var det også vanlege tv-program, det vil seie nyheitsprogram, spørjeprogram, seriar og sport.
Nye
distribusjonskanalar – nye marknader
Kabelfjernsynet var bygd ut i mange land
i 1970-åra. Det førte til at ein kunne opprette fleire kanalar og ein kunne
tilby ulike innhaldspakkar. Satellittane vart etter kvart nytta til å
distribuere sendingar. Ein fekk t.d. CNN-effekten som vil sei at CNN var ein
kanal med omfattande og rask nyheitsformidling, noko som førte til at kanalen
fekk stor innverknad på utanrikspolitikken under den kalde krigen og seinare.
Fjernsynet har spelt ein sentral rolle i
forhold til globaliseringa av media. Mange land fekk tv fordi vestlege land
ville utvide marknaden sin.