Telegrafi og telefon



Telegrafen kom i bruk frå 1837 og var dermed det første mediet som utnytta elektrisiteten. Dei europeiske byane Wien, Paris, Berlin og London var dei aller første ein no kunne telegrafere mellom. Telegrafen kunne vere både privat og offentleg, og dette spørsmålet var gjenstand for debatt i mange land. I USA var verksemda dominert av det private selskapet Western Union, medan det i Europa var offentlege styresmakter inne på eigarsida anten frå starten eller på eit seinare tidspunkt i utviklinga.

Slik kunne ein gamal telefon sjå ut.
Telefonen såg dagens lys då Alexander Graham Bell tok patent på eit instrument som gjorde det mogleg å samtale over avstandar. Den var i byrjinga like mykje knytt til underhaldning som til samtalar mellom to individ. Som eksempel fekk ein i Budapest i 1893 til dømes tilbod om underhaldning og språkopplæring per telefon. Telefon Hirmondo, som den vart kalla, var i prinsippet det første kringkastingssystemet i verda.

Etter kvart var telefonen forbetra slik at den også kunne fungere over større avstandar. I 1891 vart det lagt ein undersjøisk kabel mellom Frankrike og Storbritannia og i 1915 var det mogleg å ringe mellom New York og San Fransisco. I byrjinga var det stort sett snakk om lokale telefonnett, men desse vart seinare knytte saman til større nasjonale nett.

USA var det landet i verda med størst telefontettleik. Her var det om lag 60 personar per telefon. I Europa var Sverige den best utbygde med 215 for kvart apparat. Med hjelp frå telefonane kunne ein no også speie informasjon raskare. Ein kunne no ringe og få informasjon frå andre stadar. Dette gjorde til at aviser og informasjonskanalane no kunne få informasjon mykje raskare. Dette gjorde og til at det vart kamp om å vera raskast. Nyheiter vart no ei vare som ein kunne selje. Ein kunne då tene gode pengar dersom ein var tideleg ute å få tak i dei største nyheitene.

Telefonen vart då med på å gjere avstandar betydeleg mindre. Ein kunne no ta ein telefonsamtale på tvers av heile Amerika eller frå Wien til London. Ein kan på ein måte sei at globaliseringa vart satt fart på. Den gjorde kommunikasjonen enklare, ikkje berre for land, men og for enkeltpersonar. Dette er eit bevis på korleis teknologien kunne endre etablerte marknader og korleis enkelte media no gradvis kunne ta over eit nytt medium.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar