Det var krig og ikkje profittsyn som dreiv utviklinga av datamaskinar framover. Dei fyrste datamaskinene var enorme. Maskinen ENIAC, som vart utvikla av forsvaret i USA, fylte heile 167 kvadratmeter. Heile maskina tok det 3 år å byggje, frå 1943-1946. ENIAC var i drift fram til 1955.
I denne første fasen tok maskinene over for bruken av holkort, som lenge hadde vore brukt som lagringsmedium. Dei første datamaskinene var det finansinstitusjonar, forskingsinstitusjonar og offentlege styresmakter som kjøpte. I den andre fasen omfattar det vi kallar minimaskinen, som kom i 1960-åra. Den var eit resultat av mellom anna transistoren. Etter dagens målestokk var også dette relativt stor fysisk maskin. Likevel var forskjellen så stor at det gjorde til at mange bedrifter no kunne ta i bruk datateknologi. Den tredje fasen kom som eit resultat av halvleiarprosessoren, integrerte krinskort og mikroprosessoren i slutten av 1970-åra. Datamaskinene vart også utvikla for heimemarknaden og datamaskinbruken eksploderte. Parallelt med utviklinga av datamaskina vart også operativsystem utvikla. Dei første maskinene for heimebruk vart først kalla mikromaskiner og deretter heimedatamaskiner. Etter kvart tok omgrepet personal computer og forkortinga PC heilt over.
ENIAC- verdas fyrste datamaskin |
Internett og WWW
Internett kom tilsynelatande som lyn frå klår himmel. På 1900-talet gjekk internett frå å vera eit kommunikasjonssystem for eliten til å bli eit massemedium for folk flest gjennom det Tim Berners- Lee kalla ”World wide web”. I 1993 kom internettlesaren Mosiac, som vart kalla det første vindauge i cyberspace.
Weben i sin tidlegare fase var berre ein tubleplass for amatørar. Utviklingar av nye metodar og reiskapar var eit kollektivt samarbeid mellom der internett-entusiastar rundt omkring i verda var med på å vidareutvikle mediet.
Etter opp- og nedturar har internett utvikla seg til å bli ein sjølvsagt del av kvardagen i store delar av verda. Internett har gått i frå å vere ein stad for ”eliten” til å bli ein samlingsplass for alle. I dag kjempar store aktørar om dominans på internett. Søkjemotoren Google er og har vore ein sentral aktør, som stadig tilbyr nye tenester. I 2006 betalte selskapet eit milliardbeløp for videopubliseringstenesta YouTube.
Internett gav oss også mange moglegheiter når det kjem til forholdet mellom sendar og mottakar. Sosiale media gjev oss no moglegheit til å kommunisere raskare og større enn nokon gong tidlegare. Tenester som MSN, Twitter, Facebook gjev folk frå alle verdas hjørne moglegheita til å kommunisere og publisere tekst og bilete når ein vil.
Internett bind jorda saman |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar