Globalisering



Globalisering viser til ei utvikling som er kjenneteikna av mange prosessar som prega verda i siste halvdel av 1900-talet. Store folkeflyttingar, framveksten av multinasjonale selskap, utvikling av global kommunikasjon og transportsystem, redusert makt for nasjonalstatane og verda har vorte «mindre» gjennom handel og kommunikasjon.

Det er fleire ulike typar globalisering, som teknologisk, økonomisk, sosial, politisk og kulturell globalisering. Medieutvikling påverkar og blir påverka av desse utviklingsprosessane.

Bilete illustrerer kor lita verda faktisk er

Globalisering av medieeigarskap
Aviser, bøker, filmar og tv-program har blitt seld over landegrensene. Mediebedrifter og medieselskap har stort sett vore lokale eigarar i frå det landet dei kjem frå. Fleire land har derimot etter kvart opna for internasjonalt eigarskap innanfor mediesektoren. Resultatet har vorte store multinasjonale medieselskap. Det har altså blitt ein nasjonal og ein internasjonal eigarkonsentrasjon. I dag er det fem globale selskap som dominerer den internasjonale medieindustrien. Desse er Time Warner, Disney, Bertelsmann, Viacom og News Corporation. Dei sørgjer for størst mogleg inntekter gjennom vertikal integrasjon, samtidig som størst mogleg horisontal 
integrasjon. Dei marknadsfører det same produktet innanfor fleire ulike felt.

Kvar fører nettverkssamfunnet oss? 
Mobiltelefon og internett har etablert eit nettverks om knyter store delar av menneska i verda saman uavhengig av avstand. Det har ført til at alle tekniske innretningar kan kommunisere med kvarandre.  Kven fell utanfor nettverkssamfunnet? Kva skjer med offentlegheita i nettverkssamfunnet? 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar