Film

Starten for film
På slutten av 1800-talet var grunnlaget lagt for å produsere film. Ein hadde eit forbetra fotoutstyr, slik at ein kunne ta mange bileter etter kvarandre. 1895 er året som blir rekna for året då kinofilmen vart fødd, dette året projiserte Lumiére-brørne bilete for eit betalande publikum. Filmane ein viste med utstyret var enkle. Det var ein sekvens med fast kameraposisjon og varte ca. eit minutt. Verknadane av filmane kunne derimot vere svært sterke.

Fiksjonsfilm og stumfilm
Fiksjonsfilmen, med dramatiske og spennande historier, som gjorde film til massemedium, og fekk etter kvart eit større publikum enn avisene. Ei rimeleg og lett tilgjengeleg form for underhaldning var kinoen. Filmen gjorde vera mindre ved å vise fram folk og stader frå andre delar av verda. Stumfilmen var eit universelt språk. Filmen snakka til alle, men ikkje alle likte det dei såg. Den moralske panikken førte til sensur mange plassar.

Franske filmar
Frankrike stod langt framme i utviklinga av den internasjonale filmindustrien. To tredelar av alle filmar var franske i 1910. Pathé var ein fransk produsent som var eit tidleg døme på det ein kallar vertikal integrasjon, og som pregar den globale medieindustrien i dag. Danske Nordiske Film var det nest største selskapet i verda.

USA tar leiinga
USA sitt store heimepublikum var medverkande for framveksten av den amerikanske dominansen innanfor filmindustrien. Den amerikanske marknaden var prega av marknadsmonopol, og difor var det vanskeleg for europeisk film å sleppe til. Hollywood med mange filmstudio gjorde filmbransjen til ein av dei store industrisektorane i USA. I 1918 var USA-dominansen total. 85 % av alle filmar vart laga i USA. Det var utvikla ein forteljar stil som me kallar Hollywood-modellen. Det var eit internasjonalt filmspråk og fortrengde andre måtar å lage film på.



Lydfilm
Eit teknologisk skifte var oppfinninga av lydfilm. The Jazz Singer frå 1927 var den første langfilmen. Når ein gjorde lydopptaket samtidig med filmopptaket førte det til at det var vanskeleg å få til kamerarørsler. Teknikkar vart etter kvart utvikla, og det gjorde at lyd kunne brukast kreativt. Filmmarknadene vart meir nasjonale. Fargefilmen var eit anna teknologiskifte. Trollmannen frå Oz og Tatt av vinden. Deretter kom dokumentarfilmen. Innanfor nyhende fekk filmen også innverknad, ved at ein viste filmaviser.

Bollywood
Då fjernsynet kom mista kinoane mykje av publikummet sitt, men i andre land enn dei vestlege landa var kinofilmen fortsatt dominerande. India vart den leiande filmprodusenten i verda. Bollywood referer til filmar som er spelt inn i Mumbay, men ein brukar ofte nemninga til å omtale alle filmar frå landet. Bollywood-filmane skil seg frå Hollywood-filmane ved at dei inneheld song og dans. Vestleg publikum oppfattar dei ofte som musikalar. Dei siste åra har ført til at tv, utanlandske filmar og piratkopiering har redusert innteninga til desse filmane, men utanfor India har dei blitt stadig meir populære.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar