Radio





Grunnlaget for radioen kom på slutten av 1800-talet då dei elektromagnetiske bølgjene var oppdaga. Da den italienske elektroingeniøren Guglielmo Marconi som i 1894 fekk ideen om å bruke elektromagnetiske bøljer til trådlaus overføring av morsesignal, var det utvidinga av telegrafnettet til kommunikasjon med og mellom båtar han hadde i tankane. Marconi hadde på denne tida ingen tanke om at radio skulle bli slik den seinare vart.


Reginald Fessenden (høgre) saman med sine medarbeidarar
i studioet sitt .
Det første radioprogrammet vart truleg send ut av kanadiaren Reginald Fessenden i 1906. Programmet vart så send til båtar og nokre få amatørar med mottakarutstyr. Programmet bestod av eit musikkstykke, diktlesing og eit kort foredrag. Under den fyrste verstkrigen vart radioen berre nytta for krigsformål og det var lytteforbod for private i dei fleste krigførande landa. USA, som stod utanfor krigen, kunne dermed halde fram med eksperimenteringa, og den fyrste kringkastingsstasjonen var starta i Pennsylvania i 1920.


I starten var det berre mogleg for ein og ein og høyre på radioen, men no kom det ei endring. Dei nye radioane var basert på radiorør og hadde høgtalarar. Dette gjorde til at radio no vart ein sosial aktivitet der folk ofte samla seg. Mykje av grunnen til dette var innhaldet. Det trefte ikkje berre vaksne og unge, men ein heil nasjon. Det vart ofte det ein snakka om. Det gjorde til at mange dermed høyrde og fekk med seg det som vart snakka om og fortalt.


Gammal radio
Musikken vart og viktig i radioen. Anten han var levande eller spelt av frå grammofonplate, var den ei viktig ingrediens i radiosendingane. I tillegg til musikk gav radioen oss foredrag, direktesende underhaldningsshow, nyheiter, sport, radioteater og etter kvart også såpeopera. Dette kunne sjølvsagt variere frå land til land. Radioen vart også brukt som telerøyr for statspersonar. Den tyske diktatoren Adolf Hitler brukte radioen aktivt som sin talarstol ut til det tyske folk. Også Theodore Rosevelt snakka til nasjonen gjennom radioen, og sendingane gjekk direkte frå Det kvite hus frå mars 1933. Slik kunne presidenten møte folket på ein lun og hyggeleg måte, samstundes som han kunne kommunisere med offentlegheita direkte utan avisene som mellomledd.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar